Guddal kyrkje står i Guddal søraust i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje som plar daterast til 1870, sjølv om delar av kyrkja er frå 1686. I 1870 vart den gamle kyrkja utvida, og samstundes fekk heile bygget ny kleding og det vart lagd nytt golv og panel inne. Kyrkja fekk òg eit tårn. 25. september 1870 vart kyrkja vigsla på nytt. Til jubileet i 1970 vart kyrkja pussa opp igjen. I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Guddal, denne vart truleg riven på 1600-talet. Guddal kyrkje høyrer til Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Guddal var tidlegare eit eige kyrkjesokn, men sokna i det tidlegare prestegjeldet er no ihopslegne til eitt sokn. (Kjelde: Nynorsk Wikipedia)
Author: Atle Råsberg, License: CC BY-SA 3.0 no
· Source
Registration is currently only possible with an invite code. Please enter your invite code or use your personal invite link. If you don't have a code, you can request one from us.